Dei Viltlevande Marine Ressursane Ligg Til Felleskapet

11.03.2016 til 13.03.2016

Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet

11.03 Opning kl 19:00
12.-13.03 Utstilling 12:00 - 17:00
12.03 Performance ved Søssa Jørgensen kl 14:00
12.03 Visning av filmen The Agronaut av Kjersti Vetterstad på Verdensteatret med samtale etter filmen kl 19:00

Svein Kristian Arntzen (UiT), Camilla Brattland (UiT), Georgiana Dobre, Jørund Aase Falkenberg, Kjersti Gabrielsen (Havforskningsinstituttet), Christy Gast, Geir Tore Holm, Robert Julian Hvistendahl, Ane Elene Johansen, Jahn Petter Johnsen (Norges fiskerihøgskole, UiT), Søssa Jørgensen, Maria Karlsen (Natur og Ungdom), Alfred Karoliussen (Fiskernes Agnforsyning), Michelle-Marie Letelier, Camilla Nicolaisen, Vidar Nikolaisen (Fiskernes Agnforsyning), Maja Nilsen, Randi Nygård, Sjur Gabriel Eikemo Olsen, Bjørn Helge Robertsen, Carolina Saquel, Ánde Somby (UiT), Barbara Savedra (Wildlife Conservation Society, Chile), Karolin Tampere, Wyn-Lyn Tan, Kjersti Vetterstad, Cecilia Vicuña, Paul Wassmann (UiT)

Organisert av Randi Nygård og Karolin Tampere i lag med Henrik Sørlid på Kurant.

Kva seier språk, forsking, lovar, forvaltning og kulturelle uttrykk om vårt forhold til naturen? Har naturen andre ibuande verdiar enn det å vera ein ressurs for oss? Er fellesskapet ein del av økosystema, og økosystema ein del av fellesskapet? Må vi sjå oss sjølve som utanfor naturen for å forvalta den?

Utstillinga ved Kurant er starten på eit prosjekt som vil finna stad i 2016 og 2017, og som tek utgangspunkt i paragraf to i innleiinga til Havressurslova av 2008: Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Lova la om forvaltninga av havet til ei økosystembasert forvaltning.

Vi ynskjer å sjå og høyra denne lovteksten frå ulike perspektiv, gjennom nyansert informasjon frå forskarar, lokale og fiskarar og gjennom oversetting frå tekst til konkrete objekt og poetiske tolkingar.
Kva seier lokal erfaringsbasert kunnskap i forhold til lovverket? Korleis kan ein forstå eit heilt økosystem? Kan vi sjå oss sjølve i naturen på nye måtar gjennom å studera den med nysgjerrig merksemd, ei leiken haldning og direkte kontakt? Vårt språk skil som oftast natur og kultur, men viss naturen i seg sjølv er eit slags språk, har den det same skiljet? Viss krefter i naturen har skapt oss, er vår fridom, våre uttrykk og vårt medvit då del av eit større viltlevande system enn det vi vanlegvis ser?
Korleis og kva verdiar vert skapte i naturen, i vitskapen og i vår kultur?

Vil vil sjå og høyra lova både på vitskaplege, kvardagslege og kunstnarlege måtar, som ting. Selen, kvalen og torsken er med i lyd, bilete og performance. Vi vil gjerne veta meir om økosystem-basert forvaltning, torsken sitt språk og kultur, om klimaendringane sin påverknad på det viltlevande og marine og dermed på fellesskapet. Og vi vil gjerne utvida tankane våre om kva verdiar naturen kan ha. Og vi vil snakka om kva fellesskap er, korleis det fungerer og kva ansvar det kan ha. Vi skal derfor begynna med å ha samtalar om denne lovteksten med ein professor i arktisk og marin biolog, ein professor i fiskeri- og oppdrettsforvaltning og organisering, to ansatte ved Fiskernes Agnforsyning, to lokale kunstnarar, ein samisk forfattar, joikar og førsteamanuensis i rettsvitskap, ein førsteamanuensis i havrett, ein post doc i frå senter for samiske studiar, ledaren for biobanken Marbank ved Havforskningsinstituttet, ledaren i Tromsø Natur og Ungdom og bilogen og direktøren ved Wildlife Conservation Society Chile. Delar av desse samtalane blir viste på utstillinga på Kurant og vi planlegg ein publikasjon som vert lansert til hausten.

Vi trur at vitskapen og kunsten i lag kan opna for nye felles forståingar av klima- og miljøspørsmål, ved å setta større abstrakte system, som for eksempel klimamodellar, informasjon og data frå forsking, politikk eller lovverk, i kontakt med geografiske områder, enkeltmenneske, dyr, planter og objekt. Og vi håpar at andre bilete av oss og naturen kan oppstå gjennom å tolka denne informasjonen på poetiske, intuitive og kroppslege måtar.
Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd og Billedkunstnernes Vederlagsfond.
Takk til alle bidragsytarar, Kysten og Tromsø Fylke og NBK si kunstnarhytte i Ny-Ålesund. Og takk til Lise Doksæter og Petter Kvadsheim i prosjektet "3S" (Sonar Safety Sea mammals) ved FFI og Havforskningsinstituttet og Lise Langgård for lyd av kval og torsk.

PROGRAM
Laurdag 05.03.
Kl 21.00 Trollfjordslagfest.
Kurant inviterar til feiring av 126-årsdagen for Trollfjordslaget! Slaget var ein valdsam konfrontasjon mellom kystfolk og rederinteresser som var med på å pressa fram nødvendige endringar i Lofotloven. Vi vil feira denne historiske dagen med ulike historiske og maritime presentasjonar av Henrik Sørlid, Randi Nygård og Karolin Tampere, og konseptuell torskerøyking ved samtidskunstnar Camilla Renate Nicolaisen. Musikk ved DJ Matti Aikio og Nicolas Siepen.

Fredag 11.03.
Kl 19.00 Opning av utstillinga
Røykeri
Camilla Nicolaisen røyker laks og kveite i sitt sjølvbygde røykeri. Prosessen varer heile kvelden og fisken vert servert når den er tilstrekkeleg røykt. Publikum kan ta med eigen salta mat som dei kunne tenka seg å kaldrøyka i løpet av kvelden.
Kl 20.00 ¿`Onde va la lancha?
Christy Gast vil dela viser frå sjøen som ho har lært frå menneske og dyr på Ildlandet i Chile.

Laurdag 12.03
Utstillinga er open 12-17
Kl 14.00 Når eg fiskar spelar det inga stor rolle om det bit eller ikkje Performance ved Søssa Jørgensen i byfjæra
Ynskjer kunstnaren berre å ha snøret hengjande ute, eller er det noko anna som gjer at det ikkje bit? Publikum vert invitert med ut i sjøen og via tekst og det som blir funne på botn av byfjæra vert ein lokal status formulert. Med lydspor av K. Tampere.

Kl 19.00 Visning av filmen til Kjersti Vetterstad The Agronaut på Tromsø filmklubb Verdensteateret. Etter filmen vert det ein samtale mellom kunstnaren og Randi Nygård.
Det evige vert stilt opp mot det forgjengelege i dokumentarfilmen The Agronaut, som følgjer eremitten Montserrat Canudas Jorba i livet på hennar gardsbruk og eigedom utanfor landsbyen El Bruc i den spanske regionen Catalonia. Tittelen til filmen spelar på den greske myta om Jason og Argonautane og Jorba si rolle som navigatør i landskapet ho lever i og av. The Agronaut er ei tidsreise frå fossilane si tid og inn i framtida, slik ho ser den for seg. Studiar av plantene og dyra som bur på staden, vert sidestilte med bilete og forteljingar frå Jorba sitt liv på garden – eit liv prega av aksept for mekanismane som formar omgjevnadane våre. «Vi skal alle tilbake til jorda,» seier ho i filmen. «Vi òg er nedbrytbare.»

Søndag 13.3
Utstillinga er open kl 12.00 - 17.00
Dei viltlevande marine ressursane ligg til felleskapet, er ein del av Ensayos#4, eit tverrfagleg prosjekt som starta i 2015 og undersøker forvaltning, språk, verdiar og identitet knytta til kyst og hav, med utgangspunkt i områder av Chile og Norge. Målet er å saman forstå, formidla og handtera dei store ressurs-, miljø- og klimaproblema vi står ovanfor, på nye og betre måtar.
ENSAYOS vart starta i 2011 av kurator Camila Marambio og er eit prosjekt der kunstnarar, lokalbefolkning og forskarar, både natur- samfunnsvitarar, over fleire år studerer og engasjerer seg i tema knytta til politisk økologi.

Meir om Ensayos her: http://www.ensayostierradelfuego.org/en/